Videoblogg#5


Utblåsning! Dritt lei Mac, Seagate, Sony og alle andre teknologiske ting.
*andre gongen eg legg ut dette innlegget fordi teknologiske ting ikkje vil fungere.

Lei spotify?

Er du slik som meg som høyrer alt for mykje på ein sang i gongen, eller ei liste i gongen og blir fort lei? Vel, prøv radio nederst på NRK mp3 sida! Der kjem det både kjente og kjære sangar utan at du kan gjere noko som helst. Eg føler det er mykje bedre å høyre på sangar når eg ikkje sjølv kan bestemme kva som blir spelt. Gratis er det også! Enjoy!

-> http://www.nrk.no/mp3/ <-

 

 

I'm fine!

       

 

Norwegian to England

                                                       

 

To bilete eg tok på vegen frå Norge til England. Det var så mykje finare i røynda, så eg blei sittande den første timen å berre sjå ut vindauge. Takk Norwegian for at du plasserar meg ved vindauge nesten kvar gong eg flyr! Eg har hatt ei kjempefin veke heime, både i Sogn og i Bergen. Eg har opplevd alle jordas årstider på den vetle veka eg har våre her, sol og regn, snø og vind, hagl og .. overskya? Uansett; Eg gledar meg allereie til eg skal tilbake til Norge i påsken. Borte bra, men heime best!

 


BTW: eg fekk med meg brunosten til England!! Men både makrell i tomat og leverpostei blei stoppa i sikkerheitsjekken. Lærepenge til nestegong: kjøp mindre boksar, så får du det med deg. Jaja..

Norway, Harastølen



















 

Videoblogg#4

Scones

 

Jaja. Kunne gått værre! No manglar eg berre brunosten.. Gjett kven som skal smugle brunost og leverpostei til England nestegong eg er heime. 👆 // Could have been worse. Looking forward to smugle brown cheese to the UK after my next trip home.

 

Late night sky















 

liBRAry

ATM: eg har ingenting på timeplanen, så derfor likar eg å sitte på bilbioteket i tilfelle eg kjem på at eg har lyst å jobbe. Eg får alltid nokon gode idear når eg sit her, men ikkje så veldig motivasjon til å arbeide med skule, diverre. Derfor er det jo greit å ha ein blogg der eg kan skrable ned det eg vil, uansett om det er produktivt eller ikkje. No ventar eg egentleg berre på at klokka skal bli litt meir, for eg og gruppa mi i Creative Documentary har nokre spennande forslag framføre oss me må prøve å få til. Kan fortelje om dette ved ein seinare anledning!

PS: Pannekakedagen igår var så utruleg bra, eg elskar pannekaker med nutella og jordbær! Det går ikkje an å ikkje like noko som inneheld nutella. For dei som har meg på snapchat såg kanskje at eg var hos nabojentene på pancakedate 🍽

 

Les mer i arkivet » Mars 2017 » Februar 2017 » Januar 2017
legg meg til som venn

Hei!
Her kan du lese om min reise til England og mine erfaringar derifrå. Eg gledar meg til å reise, og oppdaterar så ofte som råd!
Hi!
Here you can read about me travelling to England and my experiences there. I will update you as much as I can!


Kontakt


etram_b@hotmail.com


Kategorier



gratisdesign av Tonjemt
hits