"What's the meaning of Stonehenge"

What a day!

I går satte eg meg på toget tidleg om morgonen og tok turen til Salisbury 1,5 time sørvest i England. Der møtte eg Kine og Bastian som går på universitetet i Bournemouth. Det var utruleg hyggeleg å møte dei igjen, sidan me går i klasse i lag i Volda! Me hadde avtalt å reise til Stonehenge denne søndagen, for å oppleve monumentet. Eg synest det er veldig kjekt å faktisk reise rund og sjå på ting som dette, for då kan eg sei at "der har eg vore" eller "det har eg sett".

Stonehenge er jo veldig kjent, men hadde eg ikkje reist på utveksling hadde eg nok aldri planlagt å reise dit som ferie. Likevel var det utruleg kult å sjå det i røyda istaden for på bilete eller TV, men diverre fekk me ikkje komme nærare enn 5-6 meter grunna der er så utruleg stor turisttrafikk. Sjølvsagt måtte eg leggje til Ylvis sin Stonehenge-sang i spelelista mi på vegen heim, som forresten er veldig lett å få på hjernen. Me snakkar erfaring her. "What's the meaning of Stonehenge!.."

Anyway! Etter å ha ete ein god middag på ein utruleg heimekosleg pub/restaurant saman med Bastian og Kine tok me ein liten sightseeing i Salisbury. Me hadde bestemt oss for å sjå nærare på ei kyrkje me hadde sett på veg tilbake med bussen. Det viste seg at det var ein heilt enorm og vakker katedral, og heldige som me var fekk me vitne eit fantastisk orgelspel i eit par minuttar. Majestetisk!







                            




Takk for turen, Bastian og Kine!

 

xxx

3 kommentarer

Victoria Larsen

20.02.2017 kl.16:02

Jeg håper du får en fin mandag :-)

Marte Bergset

20.02.2017 kl.16:18

Victoria Larsen: Takk, du og!

Elin

21.02.2017 kl.11:40

Tøft! :D

Skriv en ny kommentar

legg meg til som venn

Hei!
Her kan du lese om min reise til England og mine erfaringar derifrå. Eg gledar meg til å reise, og oppdaterar så ofte som råd!
Hi!
Here you can read about me travelling to England and my experiences there. I will update you as much as I can!


Kontakt


etram_b@hotmail.com


Kategorier



Arkiv




gratisdesign av Tonjemt
hits